Vi har Forut og barn i andre land som tema no i barnehagen. Både små og store vert kjend med Nanah på 5 år, og livet i landsbyen Kareneh i Sierra Leone.
Vi lærer om kulturforskjelar, solidaritet, nestekjærleik, fordeling av ressursar, ser filmar og høyrer og lærer fine songar knytt til tema. Og så har vi ulike formingsaktivitetar, slik som desse løvene som er laga av handtrykk til dei minste borna. Sierra Leone betyr løvefjellet og då passa det bra med løvene, som igjen kan gjenspegle Regnbueløva i Være sammen og tematikken i dette flotte pedagogiske materialet!