Hyllestad barnehage, avdeling Konglomerat har jakt som tema i oktober og fram til advent. Vi har laga til temarommet med greiner, vi har ulike dyr der inne, vi har laga jaktkort med bilder av barna, og før dei fekk utdelt det, måtte dei ta jegerprøve. Dei måtte treffe ulike dyr med erteposer, i forkant hadde vi snakka om, og vist bilder av dei dyra ein har lov til å jakte på, og mange ein ikkje har lov til å jakte på. Ein grei kar laga gevær til oss. Barna har storkosa seg.