Litt frå vekas aktivitetar. Vi har markert samanes nasjonaldag, laga ei lita gåve til mamma, fastelavensris og feira at sola kom tilbake til barnehagen vår fastelavensris i fargane til det samiske flagget. Tapetlim [pulver og vatn] og silkepapir som vi klipte opp. Vi laga risa ferdige, men barna dyppa i lim, rista godt av og så dryssa dei over silkepapir. Sola vart mala i felleskap, og dei er einige i at den var som ild, heilt slik den er på ekte og på solfesten vår hadde vi på noko gult, åt solboller, gul gele, gul saft, gul frukt. For ei fin veke vi har hatt. Al 3-5 år