Barn i alderen 4 -6 år har vore med på dei ulike prosessane. Riva aviser til prosjektet var veldig kjekt- to bæreposar med aviser blei oppsteimla.
Ein halv pose gjekk med til prosjektet. Dei har tatt pappmasje på bordplata og laga ulik struktur på overflata. Ettet lang tørketid fekk nokre barn måle bordet i dag. Me snakka om fargane og fann dei perfekte "dyremiljøfargane", før me sette i gong måle. Det er innslag av gult, fordi sola måtte vere med. Litt glitter på det eine blå feltet, for nokre gonger glitra det jo i vatnet.
Nå står bordet til tørk, så kan me ta det i bruk neste veke.